-
UiT- The Arctic University of Norway
View all jobs
Lyst til å forska på nordiske plantematvarer og sjukdomsrisiko? Stipendiat i ernæring
Norway
· Full-time
·
Not Applicable
Om stillinga
Vi har ledig ei fireårig stipendiatstilling innanfor ernæringsepidemiologi ved Institutt for samfunnsmedisin på det helsevitskapelege faktultetet i forskingsgruppa Systemepidemiologi.
Prosjektet er kalla “Vurdering av samanhengen mellom inntak av nordiske plantematvarer og risiko for ikkje-smittsame sjukdommar”. Dei nye kostråda fremjar eit mer plantebasert kosthald og tilrår auka inntak av frukt, bær og grønnsaker for å styrkja folkehelsa og redusera negativ miljøpåverknad. Ved bruk av data frå Kvinner og kreft-studien og Tromsøundersøkelsen skal vi studera korleis inntaket av nordiske plantebaserte matvarer har utvikla seg over tid og samanhengar med sjukdom, død og biomarkørar, generelt og i ulike sosioøkonomiske grupper.
Ph.d.-studiet er normert til tre år. Det fjerde året, fordelt med 25 % per år, skal brukast til undervisning eller anna karrierefremjande arbeid etter avtale. Stipendiatstillinga er ei utdanningsstilling og har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Opptak til doktorgradsprogram er ein føresetnad for tilsetjing, og studieperioden startar ved tiltreding i stillinga.
Arbeidsstaden er UiT i Tromsø. Du må kunne starte i stillinga innan rimeleg tid etter å ha mottatt tilbod.
Om arbeidsplassen
Institutt for samfunnsmedisin (ISM) er eit av dei største institutta ved Det helsevitenskapelege fakultet, med om lag 230 tilsette. Instituttet er organisert i åtte forskingsgrupper og ulike fageiningar for undervisning. Vi er òg vertskap for fire kompetansesenter. Undervisninga vår er på medisinstudiet, på masterprogrammet i folkehelsevitenskap (Master of Public Health) og på bachelor/master-utdanninga i ernæring. Instituttet deltek òg i andre emne på bachelor-, master- og PhD-nivå.
Instituttet vårt vart grunnlagt i 1973 og har ein lang tradisjon for epidemiologiske undersøkingar av førekomst og risikofaktorar for dei store folkesjukdommane, til dømes hjarte- og karsjukdommar, kreft og diabetes. I dag har forskingsinnsatsen vår innan folkehelse utvida seg til å inkludere mellom anna økonomiske aspekt ved helsetenester, forsking på feilbehandling, helsepolitikk, biomarkørforsking, ernæring og mykje meir. Forskinga vår er i stor grad basert på våre unike befolkningsundersøkingar: Tromsøundersøkinga, Kvinner og kreft-studien, SAMINOR og Fit Futures.
Kontakt
For meir informasjon om stillinga, kontakt professor Guri Skeie: [email protected]
Kvalifikasjonar
Naudsynte kvalifikasjonar
I vurderinga legg vi vekt på søkjaren si evne til å fullføra forskarutdanning basert på masteroppgåva (eller tilsvarande), og eventuelle andre vitskaplege arbeid. I tillegg kan vi ta omsyn til andre røynsler som kan vera viktige for å fullføra doktorgradsprogrammet. Vi vil også leggja vekt på motivasjon og personleg eignaheit for stillinga.
Vi Ser Etter Kandidatar Som
Opptak til ph.d.-program
For tilsetjing som stipendiat er det ein føresetnad at du blir tatt opp til ph.d.-programmet ved Det helsevitenskapelige fakultet og at du deltek i organiserte doktorgradsstudium i tilsetjingsperioden.
Opptak Krev Normalt At Søkjaren Har
Dersom du oppfyller opptakskrava og blir tilsett i stillinga, vil du samtidig få mellombels opptak til ph.d.-programmet. Søknad om endeleg opptak må leverast seinast to månader etter tiltreding i stillinga.
For søkjarar med utanlandsk utdanningsbakgrunn vil det bli vurdert om utdanninga kan likestillast med norsk høgare utdanning på mastergradsnivå. Vurderinga følgjer nasjonal godkjenningspraksis, sjå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Søkjarar med utdanning frå enkelte land må ha meir høgare utdanning for å oppfylle opptakskrava, til dømes 4-årig bachelor og 2-årig master. UiT godkjenner normalt utanlandsk høgare utdanning frå land som har ratifisert Lisboakonvensjonen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som nyttar potensialet i befolkninga sin samla kompetanse. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utover å velje ut riktige kandidatar, bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Arbeidsgivarportalen: positivsaerbehandling
Vi tilbyr
Søknaden din må innehalda:
All dokumentasjon som skal vurderast må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitnemål og karakterutskrifter må òg leverast på originalspråket. Vi aksepterer berre søknader og dokumentasjon som er sendt elektronisk via Jobbnorge innan søknadsfristen.
Bedømming
Søkjarane vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Komiteens mandat er å gjere ei vurdering av søkjarane sine kvalifikasjonar på grunnlag av søknadsdokumenta og utlysingsteksten. Alle søkjarar vil motta ein kopi av vurderinga frå den sakkunnige komiteen.
Søkjarar som blir vurderte som best kvalifiserte, vil bli innkalla til intervju. Intervjuet skal mellom anna avklare personleg eignaheit og motivasjon for stillinga.
Generell informasjon
Tilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til ei kvar tid gjeld for statsansatte, og retningslinjer ved UiT. På nettsidene våre finn du meir informasjon til søkjarar på stillingar ved UiT.
Stilling som stipendiat blir løna etter statens regulativ kode 1017. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte om du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om dine tilsetjingsgode på: spk.no.
Kortare tilsetjingsperiode kan bli gitt dersom stipendiaten alt har gjennomført delar av sitt forskarutdanningsprogram, eller når tilsetjinga byggjer på tidlegare tilsetjing i utdanningsstilling, slik at total tid til forskarutdanning blir tre år.
Personopplysningar som blir oppgitt, blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Søkjarar kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista, men universitetet kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjar vil då bli varsla i forkant av offentleggjeringa.
Eallju - Drivkraft i nord
UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidreg til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte det at vi ligg sentralt i nordområda, vår faglege breidde og kvalitet og våre tverrfaglege fortrinn til å møte dei framtidige utfordringane.
Det helsevitenskaplege fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet er ei nasjonal nyskaping som samlar dei fleste helserelaterte utdanningane. Dette legg til rette for unik tverrfaglegheit og innovasjon i helsefagleg utdanning og forsking. Vi arbeider tett saman med tenestene i nord for å løyse morgondagens utfordringar.
Les meir om oss på uit.no/helsefak

- Mastergrad eller tilsvarande i ernæring, folkehelse, epidemiologi, medisin eller andre relevante felt. Viss du fullfører mastergraden din våren 2025 kan du likevel søkja.
- Gode kunnskapar i ernæring.
- Kunnskap om statistiske metodar og kvantiativ dataanalyse.
- Dokumenterte gode kunnskapar i engelsk og kan jobba i eit internasjonalt miljø.
- Gode kunnskapar skriftleg og munnleg i norsk eller eit anna skandinavisk språk på minst nivå C2. Dersom den tilsette ikkje kan dokumentere ferdigheiter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2 ved tilsetjing, skal stipendiaten gjennomføre opplæring tilsvarande minst 15 studiepoeng innan utløpet av åremålsperioden. UiT vil leggje til rette for gjennomføringa.
- Røynsle med bruk av statistikkprogram som STATA eller R.
I vurderinga legg vi vekt på søkjaren si evne til å fullføra forskarutdanning basert på masteroppgåva (eller tilsvarande), og eventuelle andre vitskaplege arbeid. I tillegg kan vi ta omsyn til andre røynsler som kan vera viktige for å fullføra doktorgradsprogrammet. Vi vil også leggja vekt på motivasjon og personleg eignaheit for stillinga.
Vi Ser Etter Kandidatar Som
- har gode samarbeidsevner
- viser god kommunikasjon og interaksjon med kollegaer og studentar
- jobbar strukturert
- vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Opptak til ph.d.-program
For tilsetjing som stipendiat er det ein føresetnad at du blir tatt opp til ph.d.-programmet ved Det helsevitenskapelige fakultet og at du deltek i organiserte doktorgradsstudium i tilsetjingsperioden.
Opptak Krev Normalt At Søkjaren Har
- Bachelorgrad på 180 studiepoeng og mastergrad på 120 studiepoeng, eller integrert mastergrad på 300 studiepoeng.
- Masteroppgåve med eit omfang tilsvarande 30 studiepoeng eller meir dersom søkjaren har ein mastergrad på 120 studiepoeng.
- Masteroppgåve med eit omfang tilsvarande 20 studiepoeng eller meir dersom søkjaren har ein integrert mastergrad på 300 studiepoeng.
Dersom du oppfyller opptakskrava og blir tilsett i stillinga, vil du samtidig få mellombels opptak til ph.d.-programmet. Søknad om endeleg opptak må leverast seinast to månader etter tiltreding i stillinga.
For søkjarar med utanlandsk utdanningsbakgrunn vil det bli vurdert om utdanninga kan likestillast med norsk høgare utdanning på mastergradsnivå. Vurderinga følgjer nasjonal godkjenningspraksis, sjå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Søkjarar med utdanning frå enkelte land må ha meir høgare utdanning for å oppfylle opptakskrava, til dømes 4-årig bachelor og 2-årig master. UiT godkjenner normalt utanlandsk høgare utdanning frå land som har ratifisert Lisboakonvensjonen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som nyttar potensialet i befolkninga sin samla kompetanse. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utover å velje ut riktige kandidatar, bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Arbeidsgivarportalen: positivsaerbehandling
Vi tilbyr
- Deltaking i eit interessant forskingsprosjekt
- Medlemsskap i ei stor tverrfagleg forskingsgruppe med mange stipendiatar
- Gode karrieremoglegheiter
- Eit godt akademisk miljø med dedikerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Gode velferdsordningar
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Stipendiatar får normalt 536 200,- i årsløn med 3 % auke per år.
Søknaden din må innehalda:
- Motivasjonsbrev som forklarer forskingsinteressene dine
- CV
- Vitnemål/diplom for bachelor og mastergraden
- Karakterutskrift for bachelor og mastergraden
- Forklaring av karaktersystemet for utanlandsk utdanning (Diploma Supplement viss mogleg)
- Dokumentasjon av engelskkunnskapar: Nordiske søkjarar kan dokumentera dette med vitnemål frå vidaregåande skole. Dokumentasjon av norskkunnskapar eller anna skandinavisk språk (viss tilgjengeleg)
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar (helst hovudrettleiar viss du kjem rett frå studium)
- Masteroppgåva og eventuelle andre akademiske arbeid
All dokumentasjon som skal vurderast må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitnemål og karakterutskrifter må òg leverast på originalspråket. Vi aksepterer berre søknader og dokumentasjon som er sendt elektronisk via Jobbnorge innan søknadsfristen.
Bedømming
Søkjarane vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Komiteens mandat er å gjere ei vurdering av søkjarane sine kvalifikasjonar på grunnlag av søknadsdokumenta og utlysingsteksten. Alle søkjarar vil motta ein kopi av vurderinga frå den sakkunnige komiteen.
Søkjarar som blir vurderte som best kvalifiserte, vil bli innkalla til intervju. Intervjuet skal mellom anna avklare personleg eignaheit og motivasjon for stillinga.
Generell informasjon
Tilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til ei kvar tid gjeld for statsansatte, og retningslinjer ved UiT. På nettsidene våre finn du meir informasjon til søkjarar på stillingar ved UiT.
Stilling som stipendiat blir løna etter statens regulativ kode 1017. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte om du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om dine tilsetjingsgode på: spk.no.
Kortare tilsetjingsperiode kan bli gitt dersom stipendiaten alt har gjennomført delar av sitt forskarutdanningsprogram, eller når tilsetjinga byggjer på tidlegare tilsetjing i utdanningsstilling, slik at total tid til forskarutdanning blir tre år.
Personopplysningar som blir oppgitt, blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Søkjarar kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista, men universitetet kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjar vil då bli varsla i forkant av offentleggjeringa.
Eallju - Drivkraft i nord
UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidreg til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte det at vi ligg sentralt i nordområda, vår faglege breidde og kvalitet og våre tverrfaglege fortrinn til å møte dei framtidige utfordringane.
Det helsevitenskaplege fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet er ei nasjonal nyskaping som samlar dei fleste helserelaterte utdanningane. Dette legg til rette for unik tverrfaglegheit og innovasjon i helsefagleg utdanning og forsking. Vi arbeider tett saman med tenestene i nord for å løyse morgondagens utfordringar.
Les meir om oss på uit.no/helsefak
Key Skills
Ranked by relevance
ha
c
Related Jobs
3 roles aligned with this opportunity
View Job Details
Related
Forskare/Vetenskaplig programmerare inom AI/Maskininlärning
2026-06-18
Full-time
Not Applicable
Sweden
Higher Education
Other
View Job Details
Related
Data Analyst Supply chain & Service client
2026-06-19
Full-time
Associate
Switzerland
Data Infrastructure
Analyst
View Job Details
Related
Case Adviser (111710-0626)
2026-06-18
Full-time
Not Applicable
United Kingdom
Higher Education
Other
Login to Apply
- Posted
- Mar 06, 2025
- Type
- Full-time
- Level
- Not Applicable
- Location
- Tromsø
Industries
Higher Education
Categories