-
Nav

Direktør HR og organisasjon

Nav
Norway · Full-time · Director

Er du på jakt etter ei nøkkelrolle i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag?


I Nav Vestland får du meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte medarbeidarar.


Vi ser etter ein engasjert og handlekraftig direktør som vil få ansvaret for HR, organisasjon og innovasjon.


Direktør for HR og organisasjon leier ei avdeling som skal styrke satsinga på HR og innovasjon og vere med på å utvikle både leiarar og medarbeidarar i organisasjonen. Avdelinga har sterke fagområde med høgt kompetente medarbeidarar innan HR, HMT, leiarutvikling og innovasjon. Du vil spele ei nøkkelrolle i å sikre at Nav Vestland held fram med å vere attraktiv arbeidsplass, vere ei drivkraft for innovasjon og utvikling og leie arbeidet med systematisk kompetanseutvikling i ein lærande organisasjon.


Det er viktig at du blir motivert av Nav sitt samfunnsoppdrag. Hos oss får du utfordrande arbeidsoppgåver i eit høgt tempo, og eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille.


Stillinga rapporterer til fylkesdirektør og blir ein del av ei dyktig og engasjert leiargruppe i Nav Vestland.


Sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for å utvikle Nav Vestland innan HR, leiarutvikling, innovasjon og HMT
  • Bidra til eit godt partssamarbeid og medbestemming på fylkesnivå
  • Utvikle arbeidet med rekruttering, inkludering og Nav sitt omdøme som arbeidsgivar
  • Sørge for strategisk kompetanseutvikling i Nav Vestland
  • Ansvar for lønsforhandlingar
  • Bidra til å utvikle samarbeidet mellom avdelingane på fylkeskontoret
  • Samarbeid med leiarar i dei ni regionane i Nav Vestland


Kvalifikasjonar

For å lykkast som direktør for HR og organisasjon i Nav Vestland, må du ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet. Vidare treng du erfaring som leiar med personal- og budsjettansvar samt strategisk og operativt HR-arbeid. Du må også ha erfaring frå samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta, og god forståing av leiing i staten og Nav sitt samfunnsoppdrag. God framstillingsevne både skriftleg og munnleg er avgjerande.


Det er ønskeleg med tilleggsutdanning innan leiing, samt god kjennskap til offentleg forvaltning og velferdstenester. Erfaring frå lønsforhandlingar og forståing for digitalisering og utvikling av framtidsretta tenester er også ein fordel. Kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk kan vere nyttig å ha med seg i denne stillinga.


Kva vi ser etter hos deg?

Som leiar i Nav jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å bygge tillit og sjå potensialet i de tilsette. Evne til å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers i organisasjonen er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.


Som vår nye direktør for HR og organisasjon treng du både gode strategiske evner og operativ gjennomføringsevne, og du bidreg til gode løysingar på komplekse problemstillingar. Som person kommuniserer du tydeleg og har evne til å engasjere og inspirere andre.


I tillegg ser vi etter ein leiar med god teknologiforståing, stor arbeidskapasitet som kan drive endrings- og forbetringsarbeid.


Nav Vestland tilbyr

Nav tilbyr tilsetting i stillingskode 1060 avdelingsdirektør med lønsspenn frå kr. 919 200 til kr. 1 078 60 per år (tilsvarande ltr. 82 - 88).


For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. Vi har god låneordning, forsikringar og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.


Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om du har spørsmål til stillinga, ta gjerne kontakt med MU ved Gro Reinertsen tlf. 975 59 058, Therese Skjold Jensen tlf. 924 10 485 eller Ragnhild Rabbe Sandven tlf. 941 21 369.

Vis interesse for stillinga ved å laste opp din CV og søknad snarast, og seinast innan 26. november 2024 på Jobbnorge. Alle førespurnader til MU blir behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar. Søk her.


Andre opplysningar

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.


Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.


Om Nav Vestland

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester og økonomi og analyse.

Key Skills

Ranked by relevance

ids ha lan sam sas dsp c eks san git spi esp nas isr ats
Login to Apply
Posted
Nov 12, 2024
Type
Full-time
Level
Director
Location
Bergen
Company
Nav

Industries

Government Administration Human Resources Services

Categories

Administrative Human Resources

Related Jobs

3 roles aligned with this opportunity

View all jobs
View Job Details
PAVO Advice
Related

HR-consultant

2026-05-26

Full-time
Mid-Senior
Netherlands
Office Administration
Human Resources
View Job Details
Government of Manitoba
Related

Data Analyst

2026-05-26

Full-time
Not Applicable
Canada
Government Administration
Administrative
View Job Details
Bærum Municipality
Related

Drømmer du om å jobbe bynært, men landlig i en barnehage som setter de små veldig høyt?

2026-05-23

Full-time
Not Applicable
Norway
Government Administration
Design