Track This Job
Add this job to your tracking list to:
- Monitor application status and updates
- Change status (Applied, Interview, Offer, etc.)
- Add personal notes and comments
- Set reminders for follow-ups
- Track your entire application journey
Save This Job
Add this job to your saved collection to:
- Access easily from your saved jobs dashboard
- Review job details later without searching again
- Compare with other saved opportunities
- Keep a collection of interesting positions
- Receive notifications about saved jobs before they expire
AI-Powered Job Summary
Get a concise overview of key job requirements, responsibilities, and qualifications in seconds.
Pro Tip: Use this feature to quickly decide if a job matches your skills before reading the full description.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) arbeider for at digitale offentlege tenester skal opplevast enklare og meir samanhengande for alle innbyggjarar og næringslivsbrukarar i Noreg.
Gode brukaropplevingar krev godt og gjennomarbeidd design – og at vi brukar nok tid på å forstå problema vi skal løyse. I Digdir jobbar vi med komplekse samfunnsutfordringar som har stor påverknad på både innbyggjarar og næringsliv. Grunnleggande innsikt og brukarretta design gjer ein forskjell i arbeidet med å skape ein enklare digital kvardag for alle.
Digitalisering skal hjelpe oss å møte dei store utfordringane i samfunnet. Samfunnsoppdraget til Digdir er å bidra til ei effektiv, brukarretta og samordna digitalisering av offentleg sektor. Digitaliseringa skal gi betre forvaltning ved at offentlege tenester er heilskaplege, samanhengande og av god kvalitet. Innbyggjarane skal ha tillit til at digitaliseringa av offentleg sektor blir gjort på ein trygg og god måte. (Digdirs hovedinstruks 2025)
Designmiljøet i Digdir
I dag er vi 24 designarar som arbeider for å tilby brukartilpassa og heilskaplege fellesløysingar til innbyggjarar og næringsliv. Fellesløysingane våre gjer det mogleg for offentlege verksemder å digitalisere tenestene på ein måte som gir meir heilskap i brukaropplevinga.
Fagmiljøet vårt er i vekst, og no skal vi tilsetje fleire. Vi skal utvide miljøet med ein grafisk designar som skal arbeide tett saman med kommunikasjonsavdelinga og marknadsteamet.
Rolla inneber å formidle arbeidet til Digdir visuelt på ein måte som gjer det enkelt for innbyggjarar, verksemder og offentleg sektor å forstå og ta i bruk tenestene og løysingane våre. Rolla vil òg bidra til forvaltning og vidareutvikling av Digdir sin visuelle profil, og sikre at visuell kommunikasjon er heilskapleg, tydeleg, tilgjengeleg og universelt utforma.
Arbeidsstad er primært ved kontoret vårt i Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Lage visuelt materiale til både trykk og digitale flater – frå idé til ferdig produksjon
- Bidra til å utvikle og halde ved like visuell profil og merkevare på tvers av kanalar
- Utarbeide grafikk, illustrasjonar, ikon, presentasjonar og malar
- Tilpasse design til ulike format og flater, og sikre god visuell kvalitet i alle leveransar
- Samarbeide tett med kollegaer innan design, kommunikasjon og andre fagområde
- Delta i og leie kreative prosessar, samt bidra med idear og forslag til visuelle løysingar
- Følgje opp produksjonar, korrektur og leveransar til trykk eller digital publisering
- Sjå til at universell utforming og tilgjengelegheit vert ivareteke i alt visuelt arbeid
Vi Ser Etter Deg Som Har
- Bachelorgrad innan grafisk design, visuell kommunikasjon eller tilsvarande
- Maks 3 års erfaring som designar, gjerne frå både trykk og digitale flater
- Erfaring med Adobe Creative Cloud, og gjerne kjennskap til verktøy som Figma eller tilsvarande
- God forståing for visuell identitet, typografi, fargebruk og layout
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og tett saman med andre fagpersonar
- Erfaring med animasjon, video eller illustrasjon
- Kjennskap til universell utforming og inkluderande designprinsipp
- Erfaring med merkevarebygging på tvers av kanalar
- Arbeidserfaring frå offentleg sektor
- Er kreativ, nøyaktig og har auge for detaljer
- Likar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Er strukturert og ryddig i arbeidsprosessen, også når mange prosjekt går samstundes
- Tek initiativ og kjem med idear til forbetringar og nye løysingar
- Har eit heilskapleg og strategisk blikk på tvers av medium og flater
- Har evne til å omsetje konsept og idear til visuelt engasjerande design
- Er open for tilbakemeldingar og ser dei som ein moglegheit til utvikling
- Ser på utfordringar som ei moglegheit til å lære
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 614 000 - 812 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Fungerande seksjonsleiar Sigur S. Sørensen
E-post: [email protected]
Telefon: +47 455 19 920
Gruppeleiar brukaroppleving Hanne Saltnes
E-post: [email protected]
Telefon: +47 958 28 222
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi benytter Semac bakgrunnssjekk i forbindelse med våre ansettelser.
Om Digdir
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Key Skills
Ranked by relevanceReady to apply?
Join Norwegian Digitalisation Agency (Digdir) and take your career to the next level!
Application takes less than 5 minutes