-
UDI Utlendingsdirektoratet

Innhaldsdesignar/innhaldsrådgivar

UDI Utlendingsdirektoratet
Norway · Full-time · Not Applicable

Presentasjon av avdelinga/eininga

Nettredaksjonen i UDI har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av UDIs nettstad udi.no. I nettredaksjonen har vi ledig ei midlertidig stilling som innhaldsdesignar/innhaldsrådgivar i 2025. Stillinga er knytt til behovet for produksjon og publisering av informasjon til flyktningar frå Ukraina og kan forlengast.

Kanskje har du hatt ein eller fleire jobbar som liknar på denne, eller du kan vere nyutdanna og ønskjer å jobbe i grenselandet mellom innhald og brukargrensesnitt på nett.

Stillingstittel/avdeling

Innhaldsdesignar/innhaldsrådgivar til udi.no – midlertidig, ut 2025 med høve til forlenging Kvalifikasjoner

  • relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • det er ein fordel om du har relevant arbeidserfaring med nettarbeid, gjerne frå ein større nettstad. Eller du kan ha relevant utdanning som kompenserer for erfaring
  • superflink til å skrive godt og forståeleg (klarspråk) både på norsk og engelsk
  • det er ein fordel om du har erfaring med å skrive innhald til ulike målgrupper
  • du har god kjennskap til publiseringsløysingar (vi bruker EPIserver/Optimizely)
  • det er ein fordel om du kan skrive på nynorsk, men ikkje ein føresetnad


Personlige egenskaper

  • Du skal samarbeide med ulike fagmiljø. Derfor er det viktig at du trivest med og er flink til å sette deg raskt inn i faglege problemstillingar som du ikkje nødvendigvis har kjennskap til frå før. Du klarer å formidle kompleks informasjon og regelverk på ein klar og tydeleg måte.
  • Du kjem ofte til å jobbe sjølvstendig med oppgåvene. Derfor er det viktig at du er strukturert, effektiv og sjølvdreven i oppgåveløysinga.
  • Nettredaksjonen handterer mange og varierande oppgåver. Ofte har vi korte fristar og det må prioriterast mellom oppgåver. Derfor er det viktig at du er fleksibel og evnar å jobbe med fleire oppgåver parallelt.


Vi tilbyr

Derfor bør du velje oss:

Vi er ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Du får eit godt arbeidsmiljø i ein velfungerande nettredaksjon med høgt fagleg nivå innan brukarkommunikasjon i ein organisasjon som satsar på nettbaserte løysingar.

Verdshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vande til å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss, og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.

Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei kjempegod kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, gunstige lån i Statens pensjonskasse, fleksibel arbeidsplass og ikkje minst dei aller beste kollegaene i landet (meiner vi).

Vi ser etter deg som kan identifisere deg med kjerneverdiane våre, og vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

I Utlendingsdirektoratet er vi opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, «hol i CV», nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen din om du har behov for det.

Oppstart så snart som råd.

Litt praktisk informasjon:

Stillinga blir lønna som rådgivar (1434)i lønnsspennet 610.000 kr til 690.000 kr brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg svært gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar.

Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV- og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som du kan laste ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). I tråd med offentleglova kan vi offentleggjere søkjarlista sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført der. I så fall blir du varsla.

Velkommen til oss.

Kontaktinfo

Ingeborg Grimsmo, kommunikasjonsdirektør, tlf 94507615, [email protected]

Erlend Stokstad Haarr, nettredaktør, tlf 90635293, [email protected]

Søknadsfrist 15. desember

  • redaksjonelle oppgåver i nettredaksjonen
  • samarbeide tett med fagmiljøa og rettleiingstenesta om oppdateringar av regelverk
  • utforme godt innhald i klart språk
  • skape gode brukaropplevingar og sørgje for at brukarane finn og forstår tenestene våre
  • planlegge og gjennomføre brukartestar
  • fungere for nettredaktør ved behov

Key Skills

Ranked by relevance

ha c lan ids eks sam dsp ui server elk sas sla nas dss ats ai
Login to Apply
Posted
Nov 28, 2024
Type
Full-time
Level
Not Applicable
Location
Oslo

Industries

Government Administration

Categories

Other

Related Jobs

3 roles aligned with this opportunity

View all jobs
View Job Details
Internal Security Department
Related

Network Engineer

2026-04-10

Full-time
Not Applicable
Singapore
Government Administration
Information Technology
View Job Details
Region Halland
Related

Fysioterapeut till Vårdcentralen Hertig Knut, Halmstad

2026-04-08

Part-time
Associate
Sweden
Government Administration
Other
View Job Details
Vlada Republike Slovenije
Related

Pravosodni policist, pooblaščena uradna oseba v Zavodu za prestajanje kazni zapora Dob, 4 delovna mesta (2252) | Uprava Republike Slovenije za izvrševanje kazenskih sankcij (Ministrstvo za pravosodje)

2026-04-10

Full-time
Not Applicable
Slovenia
Government Administration
Other