Track This Job
Add this job to your tracking list to:
- Monitor application status and updates
- Change status (Applied, Interview, Offer, etc.)
- Add personal notes and comments
- Set reminders for follow-ups
- Track your entire application journey
Save This Job
Add this job to your saved collection to:
- Access easily from your saved jobs dashboard
- Review job details later without searching again
- Compare with other saved opportunities
- Keep a collection of interesting positions
- Receive notifications about saved jobs before they expire
AI-Powered Job Summary
Get a concise overview of key job requirements, responsibilities, and qualifications in seconds.
Pro Tip: Use this feature to quickly decide if a job matches your skills before reading the full description.
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, fiksar høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform, sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag!
Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA og eInnsyn endå betre. Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !
Om du også likar det slik, kan noko og vil noko so søk gjerne!
Vi denne runden er vi spesielt ute etter utviklere som har erfaring med utvikling på Mobilplattform.
Teknologi
Vi utvikler og forvalter våre egne native mobilapper – som apputvikler får du ansvar for hele livssyklusen, fra idê og utvikling til produksjonssetting og videreutvikling i tverrfaglige team.
Vi bruker native teknologier for Android og iOS, og dagens teknologistakk inkluderer blant annet Swift, Kotlin og React.
Appene er en sentral del av vår moderne plattform basert på mikrotjenester og Kubernetes (OpenShift).
Denne stillingen er primært plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er åpen for at seniorutviklere kan jobbe fra et annet sted i landet.
Arbeidsoppgåver
Hovedoppgaven din vil være produktutvikling i tverrfaglig produktteam. Du vil sammen med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkter og kontinuerlig forbedring av disse over tid. Du bidrar til å bygge løsninger som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet.
Kvalifikasjonar
Du Må
- Ha høyere, relevant utdanning på høyskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglende utdanning.
- Være kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvåkning og testing.
- Ha gode muntlige og skriftlige norskkunnskaper.
- Være kjent med utvikling av native mobilappar, Android/iOS
Det Er Også Ønskelig Med
- Erfaring fra å jobbe i tverrfaglige team med kontinuerlige leveranser.
- Minimum 3 års erfaring som utvikler.
- Erfaring med drift av app i Google Play, App Store, Firebase, Testflight
Du blir ein del av eit lag og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerlig evaluering og forbedring er viktig for oss, men også for deg selv og teamet ditt.
Det er derfor viktig at du
- kan jobbe sjølvstendig og i team
- tek initiativ når du ser nye moglegheiter
- er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
- har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 624 000 – kr 1 025 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: [email protected]
Telefon: 91146279
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Om Digdir
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 475 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.
Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Key Skills
Ranked by relevanceReady to apply?
Join Norwegian Digitalisation Agency (Digdir) and take your career to the next level!
Application takes less than 5 minutes

