-
Nav

Erfaring frå IPS?Då er du kanskje du vår nye metoderettleiar

Nav
Norway · Full-time · Not Applicable

Er du ein nettverksbyggar som vil hjelpe menneske i arbeid og jobbe med fagutvikling? Individuell jobbstøtte (IPS) er ein modell for tett oppfølging av personar med psykiske helseproblem eller rusutfordringer som ønsker arbeid, og som treng behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, behalde og stå i ordinær utdanning eller lønna arbeid.

Vi søker no ein metoderettleiar med pågangsmot og fagleg engasjement til IPS-teamet i region Nordhordland. Som metoderettleiar vil du ha den faglege oppfølginga av eit IPS-jobbspesialistteam, drive resultat og prosessrettleiing i teamet og vere pådrivar for jobbspesialistane sitt marknadsarbeid. Du vil bli involvert i samarbeidsrelasjonar med aktuelle aktørar som helseteneste, fastlege og utdanningsinstitusjonar. Metoderettleiar skal i tillegg vere aktiv jobbspesialist med eigen portefølje på inntil 10 personar.

Du vil bli tilsett ved Nav Alver med kontorplass kontorplass både på Nav Alver og i Alver kommune, avdeling for helse og rus. I region Nordhordland er det to andre IPS-jobbspesialistar som du følger opp, og dei har kontorplass på Nav Alver og på DPS Knarvik.

Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i et engasjerande og godt arbeidsmiljø med stor fagleg bredde og utviklingsfokus. Erfaring frå IPS vil bli vektlagt, og i søknadsteksten ber vi deg forklare kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.

Key Skills

Ranked by relevance

ips ha
Login to Apply
Posted
Mar 17, 2026
Type
Full-time
Level
Not Applicable
Location
Knarvik
Company
Nav

Industries

Government Administration

Categories

Other

Related Jobs

3 roles aligned with this opportunity

View all jobs
View Job Details
Utbetalningsmyndigheten
Related

Systemutvecklare

2026-05-23

Full-time
Associate
Sweden
Government Administration
Other
View Job Details
Vantaan kaupunki - Vanda stad - City of Vantaa
Related

Sovelluskoordinaattori

2026-05-28

Full-time
Not Applicable
Finland
Government Administration
Other
View Job Details
Ajuntament de Girona
Related

Personal amb carnet C + CAP + Tacògraf

2026-05-25

Full-time
Not Applicable
Spain
Government Administration
Other